Kvifor skriv ein, og kva skriv ein om? Skal dei vere sjølvopplevd? Skal dei vere fri fantasi?
Truleg fins der ingen fast regel for dette, og tekstane på denne plata er blitt til i stunder med skrivelyst og tankefulle augneblink.
Nokre av tekstane er prega av hendingar i nære kretsar, andre er blitt til utan nokon ytre påverknad.
Håpar tekstane fell i smak...
Å laga ein god melodi til ein tekst kan vere ein underleg prosess. Nokre melodiar kjem nærast av seg sjølv, mens andre gonger tek det gjerne veker og månader før dei sitt. Den gode kjensla ein får når ein har laga noko ein er nøgd med, er ubeskriveleg. Om lyttarane og får ei god kjensle, då veit ein at resultatet er blitt bra...
Å lytte til musikk er ei glede og kan ofte vere som medisin for sjela. Når ein då sjølv kan få vere med å spele og synge, vert gleda endå større. Om ein sit rundt leirbålet, er på konsert eller sit i godstolen i si eiga stove og høyrer på musikk, får ein kanskje lyst til å synge med. Gjer då det, og kjenn på gleda det gjev...
Her finn du tekstane til albummet "Konfekt"